Båtplasser til leige ved Skottabergkaien


Stord Seilforening har 22 båtplassar på brygga på Skottabergkaien (ved Thiisafabrikken) i Leirvik sentrum.

Båtplassane er til utleige for medlemmer i Stord Seilforening. Seglbåtar har prioritert, men også motorbåtar kan leige hos oss så lenge me har plass.

Leiger du hos oss, støttar du samtidig Stord Seilforening og vår ambisjon om eit sterkt seglmiljø i regionen, for både barn og vaksne.

  • Send melding her og oppgi antall fot og bredde på din båt for å sikre plass.
  • Prisen er sett til 3100 pr. meter (lysopning) i året for kvar meter bredde. 0,5 meter tillegg ved behov for 10 meter uterigger. 
  • Du må være eller bli medlem i Stord Seilforening.
  • Yngre- og regattaseglarar får prioritet i anlegget når anlegget er fullt. 
  • Utleigeplassane har kapasitet til båtar opp til 45 fot.


PS! Har du allereie plass, men ynskjer å ha båten i Seilforeningen i regattaperiodane! Då tilbyr me månedsleige sålenge det er ledig. Dei som tingar årsplass har fortrinnsrett.

Etter påske startar bygging av naustet og frå mai skal nye klubblokaler i Thiisafabrikken vere klare til bruk! Vegg i vegg med Redningsselskapet, blir dette ein eineståande plass for alle med interesse for sjø- og segling!


Ta ein tur å sjå på anlegget, her blir det mykje moro og aktivitet framover!


Styret