Lær å seile

Stord Seglforening tilbyr jolle og brettsegling for barn og ungdom. Optimist er jolla for seglarar frå 8 til 15 år. Foreninga har 12 Optimistjollar.  Dei som er eldre, eller som ynskjer å seile i lag med ein annan kan velga RS Feva. SSF har 2 RS Feva. I tillegg har vi 4 Zoom 8 joller som er berekna for nybegynner og vidarekommande seglarar fra 9 til 18 år. 

Foreninga har brettutstyr til opplæring. Vi har og utstyr til padling på brett (SUP) som kan væra kjekk aktivitet hvis vinden uteblir.

Vi arrangerer nybegynnerkurs hvert år og meir informasjon om kurset vil komme på nettsiden samt foreningens facebooksider.   


SEGLING FOR BORN & UNGE, – OG FORELDRA SIN MEDVERKNAD:

Segling for born krev litt medverknad frå foreldra si side. I tillegg til å frakta dei unge håpefulle til og frå trening, så må foreldra belage seg på å hjelpa til med sikringstiltak som bemanning av fylgjebåtar, hjelpe til med utsetting av joller, steike vaflar eller andre kjekke sosiale tiltak. Ikkje vær redd for å ta kontakt med oss i foreningen. Alle kan bidra og du trenger ingen forhåndskunnskaper om segling. Foreninga kan tilby opplæring og evt. kurs for dei som ynskjer å ta ein større del i arrangementer.   

TRENING:  

Treningstida for optimistjolleseglarar torsdagar frå 1730-2000, dessutan vil vi prøve ut moglegheiter for egentrening søndager 16-18. 

Treningstida for brettseglarar er mandager 1700-1900 og onsdager 1800-2000. 

Vi møter i god tid slik at utstyret er rigget og klart til trening 

RESSURSPERSONAR:

Me har mange oppgåver og dei som ynskjer å delta i arbeidet med å sikra rekruttering til seglsporten er velkommen hos oss!  Ta kontakt om du vil bidra. 

KOSTNADER: 

Medlemskap for barn    200,- pr år

Leie av jolle/brett           600,- pr år

KONTAKT:

Ole M Ekeberg, leder for jolle og brett SSF, 91745757 

Levert av IdrettenOnline