Lær å seile

Stord Seglforening tilbyr jolle og brettsegling for barn og ungdom. Optimist er jolla for seglarar frå 8 til 15 år. Foreninga har 12 Optimistjollar.  Dei som er eldre, eller som ynskjer å seile i lag med ein annan kan velga RS Feva. SSF har 2 RS Feva. I tillegg har vi 4 Zoom 8 joller som er berekna for vidarekommande seglarar.  Foreninga har brettutstyr til opplæring. Nytt av året er utstyr til padling på brett (SUP) som kan væra kjekk aktivitet hvis vinden uteblir.

Vi planlegger eit nybegynnerkurs 21.-23. august og meir informasjon om kurset vil komme på nettsiden samt foreningens facebooksider.   


SEGLING FOR BORN & UNGE, – OG FORELDRA SIN MEDVERKNAD:

Segling for born krev litt medverknad frå foreldra si side. I tillegg til å frakta dei unge håpefulle til og frå trening, så må foreldra belage seg på å hjelpa til med sikringstiltak som bemanning av fylgjebåtar, hjelpe til med utsetting av joller, steike vaflar eller andre kjekke sosiale tiltak. Ikkje vær redd for å ta kontakt med oss i foreningen. 

TRENING:  

Treningstida for optimistjolleseglarar torsdagar frå 1800-2000

Treningstida for brettseglarar er onsdager 1700-2000. 

Vi møter i god tid slik at utstyret er rigget og klart til trening 

RESSURSPERSONAR:

Me har mange oppgåver og dei som ynskjer å delta i arbeidet med å sikra rekruttering til seglsporten er velkommen hos oss!  Ta kontakt om du vil bidra. 

KOSTNADER: 

Medlemskap for barn    200,- pr år

Leie av jolle/brett           600,- pr år

KONTAKT:

Ole M Ekeberg, leder for jolle og brett SSF, 91745757 

Levert av IdrettenOnline