Stord verft 14°C
Svak vind, 2.4 m/s fra Sør-sørøst
yr.no
 
 

Stordmeisterskapet 2017 - resultater

Michaela Weissova | Fredag 1.september 2017

Stordmeisterskapet 2017

 

Då er Stordmeisterskapet 2017 historie. Ei fantastisk kjekk seilerhelg, med mange artige duellar, nermast alle typer vær og vindforhold gjer at me no med rette kan kåre Stordmeistrane i segling!

Me garatulere dermed Inge Skaar med mannskap i Melgesen General Lee, dei kan med rette kalle seg Stord Meistrar i segling, både klassevis (Fult mannskap) og Overall. I klassen DH vart Ole Jacob Eide og  Ole Marius Ekeberg Stord Meistrar i P.O. Fykerten! General Lee vann også premien forraskaste båt til Brandasund. Søndagen var Fykerten raskast av alle på korrigert tid!

Dette er basert på foreløpige resultater og mi oppfatning av at Tussi har trekt seg frå siste seilas på grunn av ein ureglemessighet med den eine Melgesbåt. Det er ikkje komme inn protest, men Paul Øyvind melder at dei trekk seg frå siste seilasen på grunn av dette. Dette oppfattar eg som god sportsånd, uten denne hendelsen hadde Paul Øyvind og Terje vore Stord Meistrar både klassevis og Overall!

Eg må ta forbehold om at eg har forstått dette riktig, har ikkje fått fatt iPaul Øyvind, men antar mange ventar sterkt på resultatene så dermed legg me ut foreløpige resultat no!

Til slutt ein stor takk til arrangmentskomiteen, Tor-Inge Miljeteig, Michaela Weissova, Ole Marius Ekeberg, Ole Jacob Eide med fleire.

Sist, men ikkje minst, tusen takk til Erling Gangdal som holdt orden på baneseilasene frå moloen og tok starten lørdag på Skjersholmane!